Får ikkje vite om denne gjengen var best

Trioen: Johanne Orvik, Niels Leenders og Edvard Roppen var klare til å reise til Oslo for å konkurrere, men no er landsfinale avlyst. (arkivfoto)  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Denne gjengen frå Ulstein ungdomsskule var klare til landsfinalen i Klassequizen. Dei hadde tolv av tolv moglege poeng i den innleiande runden i fylket, så spenninga var stor på korleis dei ville gjere det på landsplan. Men det vil me no diverre aldri få svar på.





NRK har no sendt ut pressemelding om at Klassequizen diverre blir avlyst denne våren som følgje av koronaviruset. - Dette er ei avgjerd NRK synest er frykteleg trist, og aller mest trist for alle 10. klassingane i heile landet som no var klare for vidare konkurransar i studio på Marienlyst. Men faren for smitte og vidare smittespreiing mellom både deltakarar, ledsagarar, bemanning i NRK og andre gjester ved å gjennomføre Klassequizen i år, var rett og slett for stor.



Dei har vurdert andre alternative løysingar, både digitale og nettbaserte, men ingen var trygge nok til at dei kunne gjennomføre dei.

Arbeider med neste sesong

NRK arbeider no med neste sesong, for å gjennomføre ein flott konkurranse då. Dei vil starte neste sesong alt til hausten. Det vil snart kome meir informasjon om korleis skular kan melde seg på neste sesong.

Så årets niandeklassingar kan byrje å gjere seg klare.

I år var over 580 skular med.