Herøy har fått sin første smitta

Nyhende

Herøy kommune melder at dei har fått sitt første tilfelle der ein har smitta positivt på koronaviruset.

Pasienten er alt på betringens veg. Både pasienten og familien er i isolasjon, slik retningslinene seier at dei skal.

Det ligg konkrete medisinske vurderingar til grunn som kjem under teieplikta, seier smittevernoverlege Bjørn Martin Aasen.

Resten av familien verkar friske, men dei skal testast i morgon.

Herøy har til no testa 95 personar til saman, og altså berre ein av dei har vore smitta. Samtidig minner kommunen om at dei kan ha fleire som er smitta, men som ikkje er testa. Kommunen følgjer dei nasjonale testkriteria, så det er ikkje alle som blir testa.