Kommunestyremedlemene får 20 timar på å svare på 2 spørsmål

Møtet som skulle vere torsdag 12. mars vart avlyst. På tampen av denne veka er det skriftleg kommunestyremøte.   Foto: Andreas Bjerknes

Nyhende

Hareid kommune har no kalla inn til sitt første skriftlege kommunestyremøte.



I desse koronatider er det ikkje mogleg å samle heile kommunestyret i Hareid fysisk til møte. Og førebels er ikkje den tekniske løysinga for korleis dei samlar kommunestyret på plass. Men dette skal vere like rundt hjørnet. Erlend Friestad, informasjonskonsulent og formannskapssekretær i Hareid kommune, håper at dei får til eit kommunestyremøte kort tid etter påske.

Men formannskapet har færre medlemer (7), så det er enklare å gjennomføre møte med dei.

- For å handtere koronasituasjonen er kriseleiinga derfor avhengig av at kommunestyret delegerer mynde til formannskapet og andre roller, skriv han til kommunestyret.

Dei ber difor kommunestyret delegere hastesaker til formannskapet, slik kommunelova §11-8 opnar for. Denne hasteregelen kan nyttast dersom det er naudsynt å få ei avgjerd i ei sak før neste møte, og det ikkje er tid til å halde eit ekstraordinært møte.

For at framlegg til ei skriftleg sakshandsaming skal bli vedtatt må kommunestyret vere samrøystes. Kvar representant må svara JA på at dei støttar rådmannen sitt framlegg. Og JA på at dei sluttar seg til at saka blir handsama skriftleg. Om ein person røystar nei på eit av spørsmåla, vil saka falle.

Sjølve røystinga vil berre ta nokre minutt, og kommunestyremedlemene får 20 timar på seg tiI å svare. Dei får tilsendt ei lenke torsdag der dei skal svare innan fredag klokka 11.00.

Partia blir oppmoda om å ha elektroniske gruppemøte i forkant av røystinga.

Manglande svar vil bli rekna som samtykke på båe spørsmåla.


Rådmannen si tilråding:

Følgande mynde verdt delegert til formannskapet:

1. Mynde til å gjere budsjettmessige endringar og omdisponeringar

2. Mynde til å gjere vedtak på LKU og NMU sine fagområder dersom det ikkje let seg gjere å gjennomføre møter med disse. Medlemmane i LKU og NMU skal i tilfelle orienterast om saka i forkant av formannskapsmøtet og om avgjersla i etterkant av møtet.

3. Mynde til å ta avgjersler med heimel i smittevernlova, basert på råd frå kommuneoverlegen.


Følgande mynde vert delegert til ordførar, i samråd med kriseleiinga:

1. Mynde til å gjere budsjettmessige endringar og omdisponeringar i hastesaker, jf. Kommunelova §11-8.

2. Mynde til å ta avgjersler i saker som er delegert til NMU og LKU i hastesaker, jf. Kommunelova §11-8.

3. Mynde til å nytte inntil 5 000 000,- kr. for å avverje eller avgrense skade. Dette er ei auke frå 2 000 000,- kr. som er heimla i punkt 4.0 Kriseleiing i Overordna beredskapsplan. Ut frå den situasjonen vi no er i, som ser ut som om den kan verte langvarig, ser vi at det er behov for å auke budsjettet kriseleiinga har til rådvelde.

4. Budsjettramma for låneopptak vert endra frå 140 000 000,- kr til 170 000 000,- kr for å sikre likviditeten.

Formannskapet skal halde kommunestyret oppdatert på dei vedtaka som vert gjort i medhald av dette ved å distribuere kopi av protokoll frå møta til kommunestyret etter kvart møte. Det vert lagt opp til formannskapsmøte om lag ein gong per veke, eller ved behov. Kvart medlem i formannskapet har ansvar for å informere eiga partigruppe, ordførar informerer gruppeleiarar for parti som ikkje er representert i formannskapet. Ordførar pliktar å halde formannskap og kommunestyre løpande informert om dei vedtak som vert tekne av han og kriseleiinga i medhald av dette.

Vedtaket skal ha verknad fram til 1. juni 2020. Om det er behov for ei forlenging skal ny sak leggast fram for kommunestyret.