Sat i karantene, gjekk på fest, får 20 000 i bot

Nyhende

I dag, tysdag, skreiv Møre og Romsdal Politidistrikt ut eit førelegg på 20 000,- til ein privatperson for brot på Smittervernlova

Smittevernlova § 4 - 3, jf. forskrift om karantene, isolasjon og forbod mot opphald på fritidseigedomar mv. i samband med utbrudd av Covid-19 § 2

Personen arbeider i helse- og omsorgstenesta i ein kommune i politidistriktet. I perioden 10.-12 mars hadde vedkomande vore i kontakt med ein person som var stadfesta smitta av Covid 19. Arbeidsgjevar gav difor vedkomande karantene i 14 dag.

Men dette pålegget braut vedkomande, og gjekk på fest i nabohuset natt til sist laurdag. Brotet skjedde i privat samanheng, og har ikkje vore på jobb sidan. Det var personen sjølv som varsla arbeidsgjevar om hendinga.

Førelegget er forkynt og vedtatt.