Avlyser skriftlege eksamenar

Det blir ikkje skriftlege eksamenar ved dei vidaregåande skulane denne våren. Det slår kunnskapsdepartementet fast i ei pressemelding. Heller ikkje 10.-klassingane må gjennom skriftleg eksamen.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Kunnskapsdepartementet melder onsdag at alle skriftlege eksamenar i 10.-klasse og på vidaregåande skule blir avlyst. Dei ønskjer i staden at ein skal bruke tida og ressursane til skulane til å sørge for undervisning og gode vurderingar av standpunktkarakterar.

– Elevane vil få vitnemål sjølv om det ikkje blir skriftleg eksamen i år, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.

Der peikar kunnskapsdepartementet på at ein jobbar vidare med løysingar for privatistar og lærlingar, medan det ikkje er tatt noko standpunkt med tanke på munnlege eksamenar i vidaregåande skule.

– Det er viktig for meg at denne situasjonen ikkje skal øydeleggje for framtida til elevane. Eg veit at mange elevar har vore stressa og usikre på om dei må ta eksamen eller ikkje. Som lærer veit eg at det er viktig at elevar og lærarar får avklaring så tidleg som mogleg. Ved å avlyse skriftlege eksamenar, får lærarane betre tid til å drive undervisning og å gjere ei god sluttvurdering, seier Melby i pressemeldinga.

Kunnskapsdepartementet viser til at standpunktkarakterane står for om lag 80 prosent av elevane sitt vitnemål, og at dette er eit uttrykk for elevane sin kompetanse sett over eit lenger perspektiv.

– Når det gjeld munnleg eksamen i vidaregåande, så har vi ikkje tatt ei endeleg avgjerd enno. Munnleg eksamen er ein lokalt gitt eksamen, så her er det viktig for meg å ha ein grundig dialog med fylkeskommunane før vi tar ei endeleg avgjerd. Vi vil komme tilbake med eit vedtak om dette etter påske, seier Melby.

Det er om lag 100.000 oppmeldingar til privatisteksamen denne våren. Dei risikerer å verte forseinka i sine utdanningsløp.

– Vi forsøker no å finne gode løysingar for privatistane, slik at heller ikkje dei skal hamne bakpå i utdanninga. Mitt soleklare mål er at privatisteksamen skal gjennomførast, dersom det er mogleg innanfor helsemyndigheitenes råd, seier Melby i pressemeldinga.