Har tatt over Skoringen i Ulsteinvik og Ørsta: – Det blei ein tøff start

Glade – men også spente: Arnhild Brubakk Grimstad (t.v.) og Sonja Ask gjekk saman om å ta over Skoringen-butikkane i Ulsteinvik og Ørsta. Det skjedde diverre like før ei av dei tøffaste tidene norsk næringsliv og heile det norske samfunnet har opplevd, inntrefte – koronakrisa. Men – Arnhild og Sonja vel å vere optimistiske, og håper at innbyggjarane i regionen støttar lokalhandelen i desse tøffe tidene.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Arnhild Brubakk Grimstad og Sonja Ask har gått saman om å ta over Skoringen-butikkane på Amfi-senteret i Ulsteinvik og Alti-senteret i Ørsta.