Helsepersonell smitta av Covid-19

To nye i Ulstein har fått påvist koronasmitte.   Foto: FOTO: CENTERS FOR DISEASE CONTROL AND PREVENTION

Nyhende

Det er no påvist to nye smittetilfelle i Ulstein kommune. Det er to personar som arbeider i helse- og omsorgssektoren i kommunen. Tilsette i helse- og omsorgstenesta er blant gruppene det vert prioritert å teste.

Dei to personane har fått smitten i Noreg, men det er førebels ukjent kvar og når dei vart smitta.

Dei to personane er ikkje alvorleg sjuke. Ulstein kommune melder at dei to har vore i karantene sidan dei vart sjuke, og er no isolerte. Det er sett i verk tiltak mot dei som har hatt nærkontakt med dei.

Smitteverntiltaka i helse- og omsorgssektoren er no forsterka, mellom anna er dagtilbodet stengt inntil vidare. Brukarane får anna hjelp.