Tar ut C-ferja frå neste veke

  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Alle restriksjonane på grunn av faren for smitte av koronaviruset har ført til at folk reiser mindre, også med ferja.

Møre og Romsdal fylke skriv at på dei fleste sambanda har trafikken gått ned 60 prosent. Det fører til færre kroner inn i billettinntektar, så FRAM ser seg nøydd til å redusere tilbodet sitt.

Frå måndag 30. mars vil dei ta ut fleire ferjer ut av rute, mellom anna c-ruta i sambandet mellom Hareid og Sulesund.

Dei vil også ta ut B-ferja p sambandet Magerholm–Sulesund, B-ferja på Sølsnes – Åfarnes, B-ferja på Seivika – Tømmervåg og B-ferja som var planlagt sett inn på Edøya–Sandvika blir ikkje sett inn likevel.