Kommunalt tilsette i nye oppgåver

Både i Hareid og Ulstein har tilsette i kommunen fått nye arbeidsoppgåver på grunn av korona-situasjonen. Mange av dei gjer no ein stor innsats i helse- og omsorgsetaten.

nye oppgåver: Frå venstre: Perly Pedersen, Evelina Matosevic, Sarah McPherson og Erlinda Bjørke. På verandaene står Onar Apelseth og Greta Notanes. Alle er tilsette i Ulstein kommune. Foto: Linda Eikrem 

Nyhende

– Eg lagar mat, og så vaskar eg dørhandtak og andre kontaktflater. Eg snakkar med dei som bur her og hjelper til der det trengst, fortel Perly Pedersen.