Utset strandrydding til hausten

Strandryddeveka skulle etter planen gå føre seg frå 27. april til 3. mai. No blir den nasjonale ryddedugnaden utsett til hausten.

Strandryddeveka skulle etter planen gå føre seg frå 27. april til 3. mai. No blir den nasjonale ryddedugnaden utsett til hausten. 

Nyhende

– Det er sjølvsagt trist, men det er ikkje forsvarleg å mobilisere til ein nasjonal ryddedugnad når Noreg og verda står midt oppi ein så prekær situasjon, seier leiar Fanny Pindsle for Strandryddeveka i ei pressemelding.

Strandryddeveka mobiliserer nærare 100.000 frivillige kvart år og er den største kollektive ryddedugnaden i Noreg.

– I år blir den viktigaste dugnaden å gjere det vi kan for å forhindre smittespreiing. Derfor utset vi Strandryddeveka og tilrår alle med å vente med å rydde inntil vidare, seier Pindsle.

Hold Norge Rent, som arrangerer dugnaden, håpar det vil vere mogleg å gjennomføre dugnaden i september i samband med den internasjonale strandryddedagen.