Aleine saman

Arkivfoto frå Linda Eide besøkte Ulstein vgs sommaren for to år sidan.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

På den nye nettsida nynorsk.no publiserer no kunstnarar som Odd Nodstoga, Maria Parr, Daniel Kvammen, Hilde Myklebust, Linda Eide og Marit Eikemo nytt kunstnarisk innhald som passar til tida me er i, under overskrifta «Aleine saman».

– No er mange aleine, men me er det saman. Kanskje får kunsten og artiklane på desse sidene ny meining i ei underleg tid for publikum? spør direktør i Nynorsk kultursentrum Per Magnus F. Sandsmark. Stiftinga tok allereie 13. mars initiativ til å produsere ny kunst og kunnskap om koronatida.

På nynorsk.no ligg fleire bidrag ute og fleire skal det bli. Dei vil la kunstnarar, journalistar og vitskapsfolk kome til orde om ulike sider ved koronakrisa.

Tunkatten Lurivar, som leiker med ord og litteratur for barnehage- og småskulebarn, har også fått fleire forfattarar til å lage nytt innhald. Desse ligg på nettstaden hans.

I dag, fredag, er det premiere på eit talkshow leia av Linda Eide og Marit Eikemo.

Desse artistane finn du bidrag frå på sida nynorsk.no:

Linda Eide

Marit Eikemo

Odd Nordstoga

Sigri Sandberg

Hilde Myklebust

Karl Seglem

Daniel Kvammen

Anders Totland

Jon Fosse

Kurt Johannessen

Jens K. Styve

Maria Parr

Frode Grytten

Ruth Lillegraven

Stein A. Hevrøy om Olav H. Hauge

Olav H. Hauge, etter avtale med Bodil Cappelen

Fram mot månadsskiftet kjem fleire nye bidrag.