Store tap for fylkeskommunale kollektivselskap

Langt færre reisande har skapt ein krevjande situasjon for kollektivselskap i fleire fylke. No blir det kutt i ferjetakstane på riksvegferjer og Frp forventar at fyka følgjer opp. Illustrasjonsfoto: Hallvard Østrem / NPK 

Nyhende

Langt færre reisande har skapt ein krevjande situasjon for kollektivselskap i fleire fylke. No blir det kutt i ferjetakstane på riksvegferjer og Frp forventar at fylka følgjer opp.

– Koronasituasjonen har ført til at talet på reisande med ferje i Vestland har gått drastisk ned. Biltrafikken på ferjene har ein nedgang på 40–60 prosent, opplyser pressekontakt Ingrid Dreyer i kollektivselskapet Skyss/Kringom til Nynorsk pressekontor.

Skyss/ Kringom administrerer all kollektivtrafikk bortsett frå tog i nye Vestland fylke.

– Koronasituasjonen har ført til at talet på reisande med ferje i Vestland har gått drastisk ned, opplyser pressekontakt Ingrid Dreyer i kollektivselskapet Skyss/Kringom. Foto: Skyss 

Ulike tilnærmingar

Trass i ein nedgang i talet på reisande er det førebels ingen reduksjon i rutetilbodet på dei fylkeskommunale ferjesambanda i Vestland.

– Det er per i dag ikkje planlagt rutekutt i ferjetrafikken, men vi er merksame på at det kan bli utfordringar over tid, både økonomisk og med tanke på mogleg mannskapsmangel grunna sjukdom og fråvær, fortel Dreyer.

Sjølv om Skyss/Kringom førebels ikkje har redusert ferjetilbodet har det vore reduksjon i andre kollektivtilbod

– I Bergensområdet køyrer vi no buss og bybane tilsvarande sommarruter, med ekstraavgangar på linjer og tidspunkt der vi ser at det har vore naudsynt med litt meir enn det. Reduksjonen i tilbodet er på kring 30 prosent. I fylket elles har vi gått over til det vi kallar skulefri-produksjon, altså at skulerutene er innstilte, opplyser Dreyer.

I Møre og Romsdal blei det reduksjonar i rutetilbodet på fleire ferjer allereie måndag. Då tok dei fire ferjer ut av drift. Det var ei av ferjene på sambandet Hareid – Sulesund, ei av ferjene på Magerholm – Sykkylven, ei av ferjene på Sølsnes – Åfarnes, og ei av ferjene på Seivika – Tømmervåg.

– Fylkeskommunen er heilt avhengig av inntekter for å halde oppe buss-, hurtigbåt- og ferjetilbodet. I ein normal månad har vi om lag 65 millionar kroner i inntekter. Slik situasjonen er no, har vi eit inntektstap på meir enn 60 millionar kroner i månaden. Dette betyr at vi det kan bli nødvendig med ytterlegare tilpassingar av kollektivtilbodet i fylket, dersom denne situasjonen varer, seier seksjonsleiar for drift Jesper Wiig i kollektivselskapet Fram, som har ansvar for kollektivtrafikken i Møre og Romsdal, i ei pressemelding.

Tysdag blei det òg klart at Stortinget går inn for å kutte ferjetakstane med 20 prosent på riksvegferjer fram til 30. juni. Finanspolitiske talsperson Sylvi Listhaug i Frp ber fylka om å gjennomføre ein tilsvarande reduksjon på sambanda dei administrerer. Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix/ NPK 

Ferjetakstar i tiltakspakken

Tysdag blei det òg klart at Stortinget går inn for å kutte ferjetakstane med 20 prosent på riksvegferjer fram til 30. juni. Finanspolitiske talsperson Sylvi Listhaug i Frp ber fylka om å gjennomføre ein tilsvarande reduksjon på sambanda dei administrerer.

– Det blir opp til fylket sjølv å bestemme korleis dei disponerer pengane sine. Møre og Romsdal fylke gjekk med store og uventa overskot i fjor, og burde brukt noko av dette på å sette ned takstane på fylkesferjene. Fylka vil no få kompensert frå staten dei tapte billettinntektene i kollektivtrafikken, seier Listhaug til avisa Sunnmørsposten.

– Vi er innstilte på å gjere det same som Stortinget, seier leiar Kristin Sørheim i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal til avisa.

Bransjen er nøgd

Kollektivtrafikkforeningen, som er ein nasjonal bransjeorganisasjon for offentlege kollektivtrafikkaktørar, er nøgde med hjelpa dei no får frå Stortinget.

– Det var med stor lette og glede vi fekk meldinga om at Stortinget i natt blei einige om ein krisepakke der kollektivtrafikken får 1 milliard kroner, seier dagleg leiar i Kollektivtrafikkforeningen Olov Grøtting i pressemelding.