Elevane får fri tysdag over påske

Alle skulane vil vere stengte tysdag over påske.   Foto: Arkiv

Nyhende

Ulstein kommune har no kome fram til at skuleelevane får fri tysdag 14. april. Det vil seie at dei korkje skal ha heimeskule eller møte på skulen sin den dagen.



Onsdag denne veke skal regjeringa varsle om dei opnar skulane og barnehagane igjen over påske. Men uansett kva utfallet av dette blir, vil skulane og barnehagane i Ulstein kommune ikkje opne dørene for borna.

Kriseleiinga i kommunen har bestemt at dei tilsette i skulane og barnehagane skal nytte tysdagen til planlegging og organisere det vidare arbeidet.

Tilbodet om tilsyn for born i visse grupper gjeld også tysdag 14. april.

Kriseleiinga i Hareid skal diskutere om dei skal gjere det same. Dei er samla til møte i morgon.