Høie: – Koronaepidemien er under kontroll

Helseminister Bent Høie (H).   Foto: Ole Berg-Rusten/NTB Scanpix.

Nyhende

Virussmitta nordmenn smittar sannsynlegvis 0,7 personar i gjennomsnitt. Koronasituasjonen er no under kontroll i Noreg, ifølgje helseministeren.

– Før vi innførte dei strenge tiltaka, så smitta kvar person i Noreg med korona i gjennomsnitt 2,5 andre personar. Viss denne utviklinga hadde fått lov til å halde fram, så hadde vi sannsynlegvis i dag vore i same situasjon i Noreg som vi ser i enkelte land elles i Europa, sa helseminister Bent Høie på pressekonferansen på måndag.

Målet til regjeringa var at kvar smitta skulle smitte maks éin annan person.

– No viser nye tal frå Folkehelseinstituttet at kvar koronasmitta i Noreg sannsynlegvis smittar i gjennomsnitt 0,7 andre personar. Det betyr at vi har fått koronaepidemien under kontroll, seier Høie.

Sjukehusa kan no planleggje for meir normal drift og meir planlagt behandling, der dette er mogleg. Mange sjukehus har måtta omstille for ein ekstraordinær situasjon som følgje av koronautbrotet.

– På same tid må vi vidareføre arbeidet med å bygge opp intensivkapasiteten med tanke på at vi framleis har ein koronaepidemi, sa Høie.

Han retta ei stor takk til alle nordmenn som følgjer rådet frå styresmaktene.

– Innsatsen frå den norske befolkninga har gitt oss eit solid overtak, og det overtaket må vi behalde, seier Høie.