«Kva med å utforske stader i nærmiljøet vårt?» spurde eg husbonden

Halvvegs på Knotten-turen. På veg inn i Sandvik i Gursken.  Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyhende

Ikkje eit vondt ord om verken Melshornet, Hasundhornet, Blåtinden eller Skolma, men når Corona-påska 2020 fall saman med regn, sludd og skodde i fjella, frista det lite med toppturar. Så der sat eg, heimepåskefast, med marsipanpåskeegg, heimelaga iskake i frysaren og ostekake med marsipanlok i kjøleskapet. I iveren etter å lage til ei triveleg påske hadde eg gløymt at coronaen også kom til å hindre oss i å få besøk. Men heldigvis finst det grenser for kor mykje søtsaker eg orkar å stappe i meg, og heldigvis (i alle fall i dette tilfellet) har eg ein tendens til å bli rastlaus når eg sit for lenge i heimesofaen. Eg likar å setje kroppen i aktivitet.