Herøyspelet 2020 er avlyst

Det blir ikkje noko Herøyspel denne sommaren, men dei har alt byrja planlegginga av neste sommar.   Foto: Herøyspelet

Nyhende

Laurdag varsla kulturminister Abid Raja at Regjeringa forlengar forbodet mot arrangement med over 500 deltakarar fram til 1. september. Dermed er det mange festivalar og arrangement i år som blir avlyste. Eit av dei er Herøyspelet.

- Me forstår årsaka og er glade for ei avklaring, men det er likevel trist å måtte avlyse "Kongens Ring". Det blir ein fattigare sommar, seier styreleiar i stiftinga Herøyspelet, Linn Therese Sævik i ei pressemelding.

Ho synes det er trist og vemodig. "Kongens Ring" har vore arrangert kvart år sidan 1992. For mange, både deltakarar og publikum, har dette blitt ein av sommaren sine høgdepunkt. Sjølv om Sævik synest det er trist at spelet må avlysast, har ho stor forståing for avgjerda til Regjeringa. "Kongens Ring" er bygd på tusenvis av dugnadstimar, no må dei vere med på den nasjonale dugnaden for å hindre koronasmitte.

Neste sommar blir det spelet sin 30. sesong. Styret i Herøyspelet har alt byrja planlegging av jubileumssesongen.