Den nye rektoren håper elevane kjem tilbake snart

Tor Arne Aasen (41) er ny rektor på Ulstein ungdomsskule. - Her i Ulstein er det nærliggande å bygge vidare på teknologisatsinga som har vore i skulen ei stund allereie. Eg håper eg kan tilføre noko, seier han.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

- Det er litt rart å kome til ein skule utan elevar. Ingen kunne ane at det skulle bli slik då eg takka ja til jobben i februar, seier Tor Arne Aasen.