Tussa lagar direktesending frå 17. mai

Tussa lagar 17. mai ei direktesending frå dei sju kommunane på Søre Sunnmøre. Thomas Ryste vil leie sendinga.   Foto: Tussa

Nyhende

- Nasjonaldagen er viktig for oss alle, og på grunn av koronapandemien blir det ei annleis feiring i år. Tussa ønskjer å bidra til at det vert ein spesiell dag, og som ein stor aktør i lokalsamfunnet har me moglegheit til å gjere det. Me gler oss til å få vere med å formidle den sunnmørske feiringa i annleisåret 2020, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT, i ei pressemelding.