Gradvis opning av biblioteka

Arkivfoto frå ein Sommarles-fest på Hareid folkebibliotek, lenge før smittevernreglane vart innførte.   Foto: Jorulf Myrene

Nyhende

Biblioteka på Hareidlandet opnar igjen, men med fleire restriksjonar. Det er forskjellar på biblioteka både med omsyn til plass og personale og opninga av kvart bibliotek er tilpassa lokale forhold slik at både brukarar og tilsette er trygga godt smittevern etter gjeldande reglar og råd. Det går fram i ei pressemelding frå biblioteka fredag.

Biblioteka vil i fyrste omgang ha reduserte opningstider og redusert tenestetilbod, men tilbodet vil auke etter kvart som ein ser at det tillét seg. Det vil berre vere eit avgrensa tal på besøkande om gongen, og det vil primært berre vere mogleg å låne og levere bøker. Om nokon ikkje føler seg trygge på å oppsøke biblioteket enno vil ordninga med tinging og henting av media framleis vere mogleg på begge biblioteka.

I Ulsteinvik opnar biblioteket tysdag 12. mai. På Hareid opnar lokalet for publikum 18. mai.