Inviterer til 17. mai-gudsteneste - med påmelding

Kyrkjegjengarane som får plass må respektere avstengte benkar og sitje på tilvist plass.   Foto: Arkiv/Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll

Nyhende

Hareid kyrkje planlegg 17. mai-gudsteneste, men i år kan ikkje alle som vil møte opp i døra. Det er strenge reglar for kor mange som kan vere med.

Det kan vere maks 50 i kyrkjerommet samtidig. Du kan ikkje delta om du har symptom på luftvegsplagar, eller er sjuk på anna vis. Kyrkjegjengarane må sitje på tilviste plassar og vaske hender når dei kjem i kyrkja. Folk som bur under same tak kan også sitje tett i kyrkja.

Dei første som melder seg får plass. Interesserte kan ringje kyrkjekontoret.

Dei som ikkje får plass i kyrkja, kan følgje med på gudstenesta på nettet.