Stenger Bjørndalsvegen for gjennomkøyring

Bjørndalsvegen i Ulsteinvik vil verte stengd for gjennomkøyring i rundt ein månad, frå og med måndag 18. mai. 

Nyhende

Bjørndalsvegen i Ulsteinvik vil verte stengd for gjennomkøyring i rundt ein månad, frå og med måndag 18. mai.

- Dette gjer vi på grunn av heilt nødvendig anleggsarbeid med vassleidning og gatenivå, seier Odd Kåre Wiik, avdelingsleiar for drift og anlegg ved teknisk etat. Han understrekar at alle vil få tilkomst, også for varelevering, i stengningsperioden.

Tilkomsten vert via rundkøyringa ved Amfi, med unntak for området bak Blåhuset som har tilgang på den andre sida av stengepunktet. Det vert laga til ein snuplass ved staden der det skal gravast. og omkøyring vert skilta.