Send oss bilde!

Sjølv om det ikkje vert tog og like mykje folkeliv på 17. mai år som tidlegare, så betyr ikkje dette at det ikkje manglar på gode fotomotiv! Send inn 17. maibilda dine til redaksjon@vikebladet.no  Foto: Arkiv / Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Det vert ei svært spesiell feiring av nasjonaldagen i år.

Tidlegare har lesarane våre vore flinke til å sende inn sine eigne 17. mai-bilde til lokalavisa. I år vil mykje av feiringa gå føre seg i privat regi. For å skape eit godt bilete av korleis årets 17. mai vert markert rundt omkring og samstundes dokumentere dette både for samtida og ettertida, treng vi di hjelp.

Vi oppmodar alle til å sende inn bilde frå si 17. mai-feiring og dele dette med alle oss andre. Bileta vert lagt ut som bildeseriar på www.vikebladet.no og seriane vert oppdaterte utover dagen. Kanskje kan dette vere ein fin måte å sende ei helsing til kjentfolk på?

Bileta kan du sende inn på e-post redaksjon@vikebladet.no eller tagge dei på Instagram med #vikebladet. Det er flott om du seier litt om kvar biletet er tatt og kven som er fotograf. Hugs også å få løyve til å publisering av dei som er med på bildet.

Då står det berre att å pusse fotolinsene, rydde plass på minnekortet og setje i gang å skape gode minne for kvarandre.