Jublar for at Frivilligsentralen er berga

Planen om å inkludere den statlege støtta til frivilligsentralane som ein del av det genrelle innbyggjartilskotet til kommunane er utsett, noko dagleg leiar i Hareid sokn, Bente Andreassen Pilskog er glad for.  Foto: Arkiv

Nyhende

Hareid sokn frykta for at ei ny organisering av tilskotsordninga for frivilligsentralar ville føre til at sentralen på Hareid måtte leggast ned. No er endringa utsett eit år, noko dagleg leiar i Hareid sokn, kyrkejverje Bente Andreassen Pilskog, er jublande glad for.

I 2017 gjekk ansvaret for å fordele midlar til drift av Frivilligsentralane over frå staten til kommunane. Så langt har staten overført øyremerka midlar til drift av Frivilligsentralane, men frå 2020 var planen å innlemme midlane i det generelle innbyggjartilskotet som kvar kommune frå staten.

– Dette ville ha gitt små kommunar som Hareid alt for lite midlar til å drive ein Frivilligsentral, seier Bente Andreassen Pilskog. I Hareid er det soknet som driv Frivilligsentralen.

– Hareid frivilligsentral vart etablert i 1992 og har utvikla seg til å verte ein viktig samfunnsaktør i lokalsamfunnet. Sentralen har ein dagleg leiar i full stilling som igjen bidreg til svært mykje frivillig arbeid, møteplassar og fellesskap i Hareid, seier Pilskog som opplyser at over 90 personar stiller opp på fast basis med frivillig arbeid.

Endringa ville ifølgje Norges Frivilligsentraler føre til kutt i midlane for rundt 70 prosent av landet sine frivilligsentralar og mange lokalpolitikarar har engasjert seg i at den eksisterande tilskotsordninga må vidareførast. I mars signert over 230 ordførarar på eit opprop om å behalde tilskotsordninga, mellom dei var både Knut Erik Engh i Ulstein og Bernt Brandal i Hareid.

– Lokale politikarar har jobba godt inn mot dei sentrale styresmaktene og vi ber dei om å halde fram med dette gode arbeidet, slik at vi også i framtida kan ha ein frivilligsentral i Hareid, seier kyrkjeverja.

Ho nemner også at det nye aktivitetsrommet til Frivilligsentralen i Hareid i kyrkjelydshus snart er ferdig renovert, eit arbeid som er utført nettopp av frivillige.