Løyver inntil ein million til pandemi-brakke

I Hareid har prøvetaking for koronatesting blitt utført i dette teltet ved sida av helsestasjonen og legesenteret.  Foto: Linda Eikrem

Nyhende

Med bakgrunn i den pågåande koronasituasjonen har Hareid kommunestyre samrøystes vedteke å løyve inntil 750.000 kroner til å kjøpe ei brakke i tilknytning til legesenteret.

Brakka skal nyttast som ein eigen smitte- og luftsvegklinikk.

I tillegg har dei vedteke å kjøpe naudsynt utstyr til klinikken for inntil 250.000 kroner. Meirverdiavgifta er medrekna i denne kostnaden.