17. mai-helsing frå ordføraren i Ulstein

Nyhende

Kjære alle saman. Gratulerer med dagen!

Denne 17.mai feiringa vil gå inn i historia som ein av dei mest spesielle nasjonaldagsfeiringane nokon gong. La oss håpe at den vert fin og minneverdig sjølv om vi ikkje får feire den slik vi er vant til. I år er det 75 år sidan krigen var over, og nokon få hugsar enno korleis feiringa i 1945 var når freden endeleg hadde kome, og ein kunne starte å sjå framover etter vanskelege år. Ragnar Ulstein skildra denne spesielle dagen i boka Stormen og lagunen – Ulstein – ei bygd i Europa 1940-1945. Dette er ei rørande skildring som kan vekke nasjonalfølelsen hos dei fleste

«Det var den største dag i Ulstein si historie. På fortaua og i bakkeskråningane langs togruta stod ein like stor skare som hadde vore med på gjere bygda trygg. På Fredheim, i kyrkja og på bedehuset, på forsamlingshusa i Dimna, Flø, Haddal og Eiksund hadde den ånda som sto nazismen imot levd i fem okkupasjonsår. – «Både barnetoget og folketoget var visseleg dei vakraste og mest velordna tog som nokon gong har masjert gjennom bygda på ein 17 mai» skreiv Vikebladet»

Ein skal vere forsiktig med å drage parallellar til krigen med alt det vonde som den førte med seg, men dei siste månadane har nok mange følt på usikkerheit, sakn og einsemd. Kvardagen har blitt snudd på hovudet. Vi har ikkje kunna besøkt dei vi er glade i, og aller minst gitt kvarandre gode klemmar. Mange har vore bekymra for famile og vener som er i risikogruppa – redd for å miste dei vi er aller mest glade i. Vi har levd med restriksjonar som har begrensa fridomen vår som vi før tok for gitt. Saknet etter felleskapet har prega oss enten det er familie, vener, arbeidskolleger eller berre det å få delta på konsertar, korøvingar eller gå ut på byen. Nedstenginga av samfunnet har truga det som vi har sett på som trygge arbeidsplassar og dei økonomiske framtidsutsiktene ser utfordrande ut.

Men vi har stått oss godt. Vi har vore solidariske med kvarandre og gjort vår plikt. Som nasjon har vi stått saman gjennom ei vanskeleg tid og vist at når det kreves tek vi ansvar for kvarandre. Det gjer meg optimistisk på framtida, og eg er trygg på at vi neste år skal få feire nasjonaldagen på tradisjonelt vis med tog, folkefestar, leikar og matsalg slik vi er vant med. Kanskje vil vi då kjenne på eit snev av den gleda dei følte i 1945. Lukke til med feiringa og nyt dagen!