Bilbrann ved Kvalnestunnelen

Nyhende

Kvalnestunnelen i Ulstein var stengd rundt ein time natt til 17. mai, etter ein bilbrann.

Ifølgje politiet starta det å brenne i ein bil ved innkøyringa til tunnelen.

Dei to personane som var i bilen, kom seg uskadde ut.

Naudetatane rykte ut og vegen vart stengd.

Vegen opna igjen like etter klokka 05.00, og politiet etterforskar brannen.