Gratulerer med dagen frå ordføraren i Hareid

Hareid: Bernt Brandal er ordførar i Hareid. 

Nyhende

Gratulerer med dagen.

I dag feirar vi grunnlova vår og at Noreg er ein fri og uavhengig nasjon.

Vegen fram til dette starta med Magnus Lagabøte sitt arbeid på slutten av 1200-talet. Over 500 år seinare vedtok folket og representantane deira grunnlova vår.

Dryge 20 år seinare, i 1837, fekk vi formannskapslovene og grunnlaget for folkestyre og lokaldemokrati. Endringa med meir makt til folket hadde mange mektige motstandarar. Statsminister Løvenskjold hevda at folket ikkje hadde kunnskap og «dannelse» til å klare oppgåvene.

Embetsmenn styrte statsapparatet fram til parlamentarismen fekk gjennomslag i 1884 og embetsmannsstaten vart avvikla. Samstundes var vi i union med Sverige og vart ikkje ein fri og uavhengig nasjon før 7. juni 1905.

Dette har med andre ord vore ein lang prosess som starta lenge før 1814 og som til tider har gått og går i ulike retningar. Prinsippet om folkestyre stammar frå antikken men demokratiet slik vi kjenner det i dag er likevel ei ny styringsform som forfedrane våre har kjempa for.

Dette er ein festdag der vi skal feire oss sjølve, men eg synest likevel det er viktig at vi er merksame på endringane i samfunnet - på godt og vondt - som har vore. Ikkje minst ynskjer eg at kvar og ein skal reflektere over dei endringane som skjer no og dei som vil kome eller kan kome i tida framover.

På verdsbasis er det framleis ei klar overvekt av land tufta på demokratisk styresett, men teikn tyder på at demokratiet er svekka i fleire land. Det kan sjå ut som om dei som er fødde og oppvaksne på 80-talet og utover har lettare for å ta demokratiet for gitt og ser det som mindre viktig å verne om. Det er til og med dei som hevdar at tendensane minner om tida før 2. verdskrig.

Lokaldemokratiet er viktig for å gi innbyggarane høve til påverknad og er ein viktig pilar i nasjonen sitt demokrati. Kommunane har historisk vist ei betydeleg evne til å handtere samfunnsutfordringar og har vore langt framme i å løyse oppgåver på nye måtar.

Vi ser no at lokaldemokratiet er under sterkt press. Ei årsak er (om)strukturering og manglande finansiering. Mange hevdar at dette er ein villa politikk frå sentrale politikarar. Resultatet av underfinansierte kommunar er ei undergraving av demokratiet. Vi ser eksempel på at lokalbefolkninga har mista retten sin til å bestemme over sitt eige nærområde, fiskarane må sjå at viktige fiske- og gytefelt forsvinn og reindrifta må vike til fordel for andre interesser utan at dei vert høyrde. Er det demokrati?

Vi har no vore gjennom nokre heilt spesielle månadar der det har vore nærast unntakstilstand. Dette har fått fram det beste i folk flest og vi har sett ei dugnadsånd utan like. Situasjonen har likevel vist oss kvar vi er sårbare og kor viktig det er med ein desentralisert struktur og nasjonal sjølvforsyning. Vi ser at vi må produsere og foredle meir i Noreg og vi ser at dei store geografiske variasjonane krev stor grad av lokalt sjølvstyre.

Grunnlova hadde i 1814 klare føresegner om suverenitet og at det må vere ¾ fleirtal i stortinget for å gi frå oss suverenitet. I dag hevdar mange at denne delen av grunnlova er uthola og at Stortinget avgir suverenitet i viktige spørsmål med simpelt fleirtal, trass i massiv motstand blant folk flest.

Vidare er det dei som meiner at enkelte politiske miljø ynskjer å flytte makt frå domstolane til seg sjølve. Dette rokkar ved det sentrale grunnlovsfesta prinsippet om tredeling av makta og uavhengige domstolar. Sjølv den minste endring av dette prinsippet kan få svært alvorlege konsekvensar.

Tidlegare var vår oppfatning av realitetane basert på kva vi sjølve såg, høyrde og oppfatta. I dag vert vi bomba med informasjon – både fakta og løgn. Vi les påstandar om at nasjonar påverkar vala i andre land gjennom nettangrep mot valsystem og spreiing av falsk informasjon på sosiale medium. Dette er med på å skape verdsbiletet for folk flest og det er lov å undre seg over kvar den reelle makta er.

Styresett og vilje til å gjere noko er likevel mykje meir enn lover og reglar. Det viktigaste er kultur, tradisjonar og folk si oppfatning av korleis vi vil ha det – viljen til å kjempe.

Det har budd folk på Norskekysten i snart 12000 år. Då isen trekte seg tilbake vart kysten relativt raskt busett. Noreg er i dag som før ein kystnasjon og det er ikkje bykultur eller fjellbondekultur som er det mest typiske.

Hareid kommunen vår hadde ikkje eksistert eller i alle fall ikkje vore den ho er, hadde det ikkje vore for den enorme innsatsen forfedrane våre la ned. På ishavet, på fiskefelta, som uteseglarar i fredstid og under krigen, i jordbruket, i helsevesenet, i heimen og i industrien.

Miljøet i Hareid saman med mange andre slike miljø på kysten har danna grunnlaget for kompetanse i verdsklasse og ein velstand dei føre oss ikkje kunne ha tenkt seg i sin villaste fantasi.

Det er ein ståpåvilje og eit samhald som mange misunner oss. Det er dette som er oss. Det er dette som er grunnlaget for velstanden vår. Det er dette som er fundamentet for demokratiet og viljen til å kjempe for levekår og rettferd. Det er dette som utgjer identiteten vår.

På same måte som sentrale styremakter fordelar resursar rundt om i landet og slik påverkar kvar det vert vekst og kvar det vert tilbakegong, påverkar også vi dette sjølve gjennom våre val og handlingar. Feil val flyttar makt frå lokalsamfunna og utholar lokaldemokratiet.

Vi har alle eit personleg og eit felles ansvar for at vegen vidare blir slik vi vil ha han og ikkje slik andre vil at han skal vere. Det er vi, folket som bestemmer framtida vår – lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er vi som bestemmer kva 17. mai feiringa i framtida skal omhandle.

Med dette vil eg ynskje til lukke med Dagen!