Heidra minnet til dei som var villige til å ofre alt

John Osnes heldt minnetale og la ned kransar på minnesteinane ved Ulstein kyrkje på vegne av 17. maikomiteen i Ulsteinvik.  Foto: Berge Myrene

Nyhende

Med speidarar og heimevernssoldatar som æresvakter, vart det også i år lagt ned kransar ved minnesteinane ved Ulstein kyrkje. I år skjedde kransenedlegginga allereie 15. mai, då det vart gjort opptak av seremonien. Denne årvisse heidersmarkeringa overfor dei som ofra livet anten på havet eller i krigen samlar under normale tilstandar mykje folk, men på grunn av koronasituasjonen vert kransinga denne gongen sendt som opptak via Ulstein kommune sine nettsider og facebooksider

Det var John Osnes som heldt minnetalen og la ned kransar på vegner av 17. mai-komiteen i Ulsteinvik.

Minnesteinen over dei frå Ulstein som har kome vekk på sjøen har to namneplater. På den eine står namna til dei som kom vekk i åra 1900 til 1930 og på den andre namna til dei som kom vekk mellom 1930 og 1970.

Osnes fortalde at han hadde kome over ein artikkel i tidsskriftet for Sunnmøre Historielag for 1927 – 1928, skriven av Johan L. Sundgot. Der hadde artikkelforfattaren dokumentert alle som hadde drukna i Ulstein sokn i perioden 1842 til 1916.

– Frå 1841 til 1970 har i alt 116 personar mista livet på sjøen i Ulstein, sa John Osnes.

– Mange har sett livet til. Vi kan levande førestille oss slitet til fiskarbøndene som kjempa for livet i opne båtar med årar og segl. Og vi kan levande førestille oss redsla til kvinner og barn som venta heime når mennene var på sjøen og stormen rasa. Til minne om desse som har lagt grunnlaget for for at folk kunne livberge seg her vest i havet, vil eg legge ned denne kransen, sa Osnes.

Ulstein mannskor deltok tradisjonen tru under kransinga, slik dei også gjorde då minnesteinen over dei falne under andre verdskrigen vart avduka i 1948.

– Det er i år 80 år sidan Noreg vart okkupert av Tyskland, og 75 år sidan landet vart fritt. Kvar 17. mai er det tradisjon at 17. mai-komiteen legg ned krans på minnesteinen til dei som fall under krigen frå Ulstein. Minnesteinen vart avduka 23. mai 1948 av oberst Navelsaker, som var sjef for infanteriregiment 11. Eg står her med eit foto frå avdukingsseremonien. Til høgre for steinen står Ulstein mannskor, så mellom mannskoret og minnesteinen står det eg trur må vere eit jentekor. Til venstre for steinen, akkurat der eg står, står oberst Navelsaker, og til venstre for han står speidarane.

Osnes mintest dei mange frå Ulstein som rømde over til England for å halde fram kampen for fridom der.

– Dei fleste av desse gjekk inn i handelsflåten og marinen og levde under eit umenneskeleg psykisk press under krigen. Mange av dei som overlevde sleit med psykiske plager resten av livet. Til minne om dei som fall under krigen og dei som sette livet på spel i motstandskampen legg eg ned denne kransen, sa John Osnes.