– Eg fryktar at det blir takk og farvel for oss

Folk Spiseri i Ulsteinvik har problem med å tene nok pengar. Koronatiltaka gjer ikkje situasjonen betre.

Ingrid Margrethe Ulstein eig og driv Folk Spiseri saman med Thor Erik Andersen. Ho fryktar bedrifta ikkje kjem til å overleve.  Foto: Linda Eikrem

Støtta er for å halde selskap flytande, ikkje for å redde noko som er døyande. Vi er klassifisert som døyande, diverre

Ingrid Margrethe Ulstein
Nyhende

– Det tek tid å bygge seg opp i marknaden. Difor er det synd at det kan rivast ned så fort, seier Ingrid Margrethe Ulstein, som eig og driv restauranten saman med Thor Erik Andersen.