Fordeler konfirmasjonane over to helger

Arkivfoto frå ei tidlegare konfirmasjonsgudsteneste i Ulstein kyrkje. Det blir ikkje like trangt i år.  

Nyhende

Ulstein sokn har no lagt ein plan i lag med kommuneoverlegen og kriseleiinga i kommunen for korleis dei skal gjennomføre konfirmasjonane til hausten. Koronareglane gjer at dei ikkje kan gjennomføre gudstenestene med full kyrkje, som dei bruker å gjere.

Ulstein kyrkje er ei lita kyrkja, og dei må halde ein meter avstand, også i september. Det gjer at dei kan berre bruke annakvar benk i kyrkja. Kvar konfirmant får ein benk til familien sin, med plass til foreldre og søsken + eventuelt eit par-tre til.

Dei andre familiemedlemene må sjå konfirmasjonsgudsteneste på storskjerm. Dette blir anten på Sjøborg kulturhus eller Ulstein Arena.

Av omsyn til smittevern vil dei konfirmere mest mogleg klassevis, difor er konfirmasjonstidspunkta sett opp på ny. Dette er etter tilråding frå kommuneoverlegen, for å sikre at dei kan gjennomføre sjølv om smitten skulle auke utover sommaren.

Kyrkja vil bli vaska og desinfisert mellom kvar gudsteneste, så dei greier ikkje fleire enn to gudstenester for dag.

Oversikt over konfirmasjonane

Laurdag 5. september kl 10:00 og kl 13:00

Søndag 6. september kl 10:00 og kl 13:00

Laurdag 12. september kl 10:00 og kl 13:00

Søndag 13. september kl 10:00 og kl 13:00


- Å endre dato medføre store endringar som er utfordrande for oss alle. Vi er så lei oss for dette, men det er slik vi får gjennomført konfirmasjon forsvarleg i denne koronatida. Men sjølv om rammene vert endra, vil vi i kyrkja, saman med familiane, gjere det vi kan for å lage ein festdag for desse våre unge medmenneske!, skriv sokneprest Margit Lovise Holte, kateket Bjørn Losvik og kyrkjeverje Christfried Kaul.