Opposisjonen vil blokkere domstolsreform

Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og SV har bestemt seg for å seie nei til regjeringsforslaget om å redusere talet på rettskretsar i Noreg.

Arbeidarpartiet, Framstegspartiet, Senterpartiet og SV har bestemt seg for å seie nei til regjeringsforslaget om å redusere talet på rettskretsar i Noreg. Det vil vere godt nytt for Søre Sunnmøre tingrett i Volda. 

Nyhende

Dei fire partia, som har fleirtal på Stortinget, gjer det no klart at dei kjem til å stemme imot viss regjeringa foreslår å endre talet på rettskretsar.

«Vi ber regjeringen om ikke å gjennomføre de planlagte strukturendringene mot stortingsflertallets vilje», skriv dei fire partia i ei felles erklæring.

Den varsla domstolsreformea skal etter planen leggjast fram for Stortinget i juni.

Bakteppet er eit forslag frå Domstolskommisjonen, som i fjor gjekk inn for eit drastisk kutt i talet på tingrettar i Noreg.

Kommisjonsforslaget var å redusere talet på rettskretsar frå dagens 60 til berre 22 og samtidig halvare talet på rettslokale. Men dette meinte regjeringspartia Høgre, KrF og Venstre var å gå for langt. Dei tre partia har i staden foreslått å behalde alle rettslokale, men redusere talet på rettskretsar til 22.

Kvar rettskrets vil då få ein sorenskrivar som får ansvar for fleire rettslokale.

Nei til sentralisering

Bekymringa til opposisjonen er at ei slik reform vil bety tap av kompetansearbeidsplassar i distrikta og på sikt føre til at fleire tinghus blir ståande att som tomme lokale.

– Med regjeringsforslaget held vi berre på bygga, men ikkje innhaldet, seier Lene Vågslid, som er justispolitisk talsperson for Arbeidarpartiet og leiar av justiskomiteen på Stortinget.

Ho ser ikkje behovet for større rettskretsar enn i dag.

Senterpartiets leiar Trygve Slagsvold Vedum meiner semja er eit nederlag for Høgre. Han ber statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg om å lytte.

– Politiet har dei siste åra gjennomgått tidenes sentralisering, no har vi samla fleirtal for å stoppe den same sentraliseringa av domstolane, seier Vedum.

– Unødvendig

Framstegspartiets justispolitiske talsperson Per-Willy Amundsen meiner endringa i talet på rettskretsar verkar unødvendig for å sikre rettssikkerheita til nordmenn.

– Samtidig vil dei økonomiske innsparingane vere ubetydelege. Der er derfor ikkje tilstrekkeleg grunnlag for å setje i verk ei omfattande reform for norske domstolar, seier Amundsen.

SVs justispolitiske talsperson Petter Eide meiner regjeringa ikkje har lytta nok til bekymringane til vanlege folk.

– Ved å halde oppe dei sjølvstendige domstolane nært der folk bur, tek dette stortingsfleirtalet bekymringa og motstanden til folk mot sentralisering på alvor, seier Eide.

Regjeringsforslaget er no på høyring, med svarfrist 2. juni.