Positiv utvikling i arbeidsløysa

Men det er framleis berre Sykkylven som har større arbeidsløyse enn Ulstein, Hareid og Herøy.

Både Ulstein og Hareid ligg framleis i toppen av kommunane med flest personar heilt utan arbeid, men utviklinga går rette vegen.  

Nyhende

I ei oppdatering frå Nav i Møre og Romsdal går det fram at talet på personar heilt utan arbeid har gått ned med 886 personar den siste veka. Det er no 8298 personar som står heilt utan arbeid i fylket.

Samstundes gjekk talet på personar som er delvis ledige opp med 106 personar til 9086, skriv Nav i pressemeldinga.

– Denne veka ser vi ein ganske stor reduksjon i helt ledige, samtidig som vi berre har ei liten auke i delvis ledige. Det er den same utviklinga som i resten av landet der nedgangen i helt ledige er nesten 20 000 medan oppgangen i delvis ledige er knapt 2 000, seier direktør Stein Veland i Nav.

Det går fram at det totalt er 17.384 som er heilt eller delvis utan arbeid i fylket. Det er nesten 3000 færre enn på det høgste i mars, men det er også langt ned til dei 4271 ein hadde ved utgangen av februar.

Flest heilt utan arbeid

I Ulstein har talet på heilt ledige gått ned frå 406 til 380 i løpet av den siste veka. I Hareid er talet for 19. mai 227 heilt ledige, ned frå 230. Det vil seie at 8,3 prosent av arbeidsstokken er heilt utan arbeid i Ulstein, medan det er 8,7 prosent som er heilt utan arbeid i Hareid. Saman med Herøy er det Ulstein og Hareid som har størst del av arbeidsstokken heilt utan arbeid i fylket.

Ser ein på talet som er delvis utan arbeid gjekk dette svakt opp i Ulstein den siste veka, frå 340 til 342. I Hareid gjekk det ned frå 187 til 183.

Ser ein på totalen av dei som er heilt eller delvis utan arbeid, så gjekk Ulstein ned frå 746 til 722 den siste veka, medan Hareid gjekk ned frå 417 til 410 heilt eller delvis utan arbeid. Det betyr at i begge kommunane står 15,8 prosent av arbeidsstokken heilt eller delvis utan arbeid. Herøy har 15,9 prosent heilt eller delvis ledige, og det er berre Sykkylven med heile 28,3 prosent som har høgare arbeidsløyse i fylket.