Vil ha fleire fartshumpar

Geilane Velforening skriv til Hareid kommune at dei ønskjer fleire fartshumpar i byggjefeltet sitt.   Foto: Norkart

Nyhende

Geilane Velforening skriv til Hareid kommune at dei har eit sterkt ønske om å få fleire fartshumpar i byggjefeltet sitt. Dei er plaga av at bilane køyrer langt raskare enn fartsgrensa på 30 km/t.

Dei viser til at det er starta opp med utviding av byggjefeltet der, noko som fører til stor trafikk av lastebilar. Kvar gong dei høyrer ein bil suse forbi sit dei med hjartet i halsen og håper ein unge ikkje spring ut i vegen etter ein ball, skriv dei.