Har funne spor etter stein- og jarnalder

Dei siste vekene har arkeologar frå Universitetet i Bergen undersøkt store område på Skeide i Ulstein kommune.

I dette området har arkeologane funne spor etter gamal busetnad. – Vi trur den er frå før Kristi fødsel, men dette må vi sjekke nærare, seier prosjektleiar Trond Linge. Margrethe Langhelle er feltleiar.   Foto: Linda Eikrem

Nyhende

– Vi har gjort funne både frå steinalderen og frå jarnalderen, så det er eit stort spenn i denne utgravinga. Det er ikkje så veldig ofte det skjer, så det er absolutt interessant, seier arkeolog Trond Linge.