Soknet har forventningar til at noko skjer med både ny og gamal kyrkje

Formannskapsmøtet starta med ei synfaring i Ulstein kyrkje, der representantar frå soknet fortalde om problemet med å vedlikehalde den gamle verneverdige kyrkja kombinert med den aktive bruken av bygget.

Synfaring: Ulstein formannskap var på synfaring til Ulstein kyrkje. Løyving til ny kyrkje eller vedlikehald av den gamle stod ikkje på sakslista denne gongen. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Odd Arne Vikebakk, leiar i soknerådet og fellesrådet, ønskte forsamlinga velkomen. Han meinte det er viktig at det er opne kanalar mellom så viktige funksjonar som kyrkja og dei folkevalde. Kommunen har tidlegare bede Ulstein sokn leggje fram ein rapport over kva vedlikehald som trengst i Ulstein kyrkje, og rapporten er no klar. Representantane frå soknet fortalde om utfordringa med å ta vare på den gamle og verneverdige kyrkja, samtidig som ho er i aktiv bruk. Dei er stolte over alt dei driv med, og skulle gjerne gjort meir, men lokala stoppar dei i det. No ønskjer soknet at kyrkja får forbetringar, på lik linje med idrettsbygg i kommunen.