Endeleg blei det fiber på Flø – grunna stor dugnadsinnsats og hjelp frå kommunen og næringslivet:

– Det har vore eit prakteksempel på godt samarbeid

Bygdefolket på Flø har spart mykje pengar ved å leggje fiberkablar i gamle kommunale vassrøyr, i tillegg til å grave grøfter med eigne traktorar og gravemaskiner.

Endeleg blei det fiber: Denne glade gjengen var mellom dei mange som etter fleirfaldige dugnadstimar endeleg fekk fiber til Flø. Frå venstre ser ein Berge Myrene, leiar for roda Midtflø Fjøre, Odd Egil Holta, leiar for Indre Flø og Roppane, Peter Flø, leiar for Midtfjell Flø, Erling Ove Flø, leiar for Ytre Flø – og leiar i Flø Grendalag, Tor Jørgen Kalland. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Nyhende

Flø Grendalag hadde i årevis prøvd å få statleg og kommunal støtte til utbygging av fibernett til bygda – utan hell. Med dårleg mobildekning, treigt internett og nedlegginga av Telenor sitt koparnett i 2022 nært føreståande, måtte noko gjerast.