– Det var eit greitt møte

Tor Kalland, leiar i Flø bygdelag, seier at det er ikkje turistar som er problemet, men alle som kjem køyrande for å sjå solnedgangen og lufte seg.

Fløbygda: Det er vanskeleg å vite kor mange turistar som finn vegen til Flø i sommar, når alle skal på Noregsferie. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Kalland fortel at han fekk ein telefon frå ordføraren i midten av førre veke der han bad Kalland kom på møtet måndagskvelden, og ta med representantar frå bygda. Dei skulle vere rundt ti stk. frå Flø og representere ulike syn. Kalland bad meg seg representantar frå bygdelaget, idrettslaget, bønder, Flø Feriesenter og andre som driv næring på Flø. Det kom også eit par som ikkje var inviterte, men det gjekk bra.