– Ingen boikott av Bygderadio Vest

Bygderadio Vest fekk aldri svar frå Ulstein kommune om kva som skulle skje 17. mai.

  Foto: Andreas Bjerknes

Nyhende

I slutten av april sende Bygderadio Vest ut e-post til alle dei sju kommunane på Søre Sunnmøre for å høyre kva planar dei hadde for nasjonaldagen. Alle kommunane, bortsett frå Ulstein, svara. Dei sende lokalradioen offisielle program for dagen, namn på kontaktpersonar og leiarar av 17. mai-komitear. – Eit fantastisk samarbeid mellom kommunane og Bygderadio Vest som mogleggjorde eit sveip innom dei fleste grendelaga i desse seks kommunane, kommenterer Olav H. Kvalsvik i Bygderadio Vest. No lurer han på om Ulstein kommune boikottar Bygderadio Vest, eller om det var ein glipp. Gjennom samarbeid med Tussa fekk dei også presentert Ulstein, men ikkje like godt.

– Det var ein glipp, det må me berre beklage. Ulstein kommune boikottar ikkje Bygderadio Vest, svarer ordførar Knut Erik Engh når han får spørsmål frå lokalavisa om kommunen boikottar Bygderadio Vest.