– Turisme på Flø går ikkje før dei trafikale utfordringane er løyste

Prosjektleiar Audun Hopland er klar på at bygda ikkje klarer ta imot fleire turistar før det blir gjort noko med dei trafikale utfordringane.

Populær utferdsplass: Parkeringsplassen på Ytre Flø var full onsdagskvelden. Nokre bilar hadde stilt seg ved snuplassen, men fleire bilar måtte snu for at der ikkje var plass. Fleire bilar stod langs grøfta. Den raude bilen har ikkje parkert i vegen, men snur for at der ikkje var plass til han. Heller ikkje underteikna fekk plass til å ta eit skikkeleg bilete av alle bilane som stod der. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Sånn det er no har Fløbygda nok med å ta imot all utferdstrafikken frå dei omkringliggjande kommunane. På finversdagar strøymer det til turgåarar og folk som vil nyte solnedgangen på Flø.