Berre negative testar

Nyhende

Mange blir testa for koronasmitte på Hareidlandet.

Onsdag denne veka tok femten personar testen i Ulstein. Resultata viser at alle prøvene var negative, noko som betyr at ingen har fått påvist smitte.

Også alle dei 34 testane som vart tekne i Ulstein måndag denne veka, var negative.

I Hareid har tjue personar teke koronatest denne veka. Også der er alle testane negative, opplyser smittevernlege Vidar Vollsæter.