Motorsykkelulukke på Fløvegen

  Foto: Tipsar

Nyhende

To personar var involverte i ei motorsykkelulukke ved Halsneset i Ulstein i 04-tida natt til søndag.

  Foto: Tipsar

Naudetatane rykte ut, og ifølgje politiet var begge dei to vakne og medvitne etter ulukka.

Ulukka skjedde då lettmotorsykkelen køyrde inn i autovernet på staden.

Det er noko oljesøl på vegen, opplyser politiet.