Christian sin Peugeot blei stolen og funnen krasja måndag morgon:

- Eg er nok heldig om eg får noko att for bilen

Christian Strandabø sov då bilen hans blei stolen av tre personar – og blei først vekt av at politiet ringte han.

Bilen til Christian Strandabø (bildet), ein svart Peugeot 107, blei stolen måndag morgon, frå parkeringsplassen like ved huset hans i Hasundvegen på Strandabøen. Like bak Christian på dette bildet skulle bilen ha stått.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Politiet rykka måndag morgon ut til like i nærleiken av krysset mellom Dimna og Hasund, der ein svart Peugeot 107 stod, smadra inntil autovernet.