Robert Shaidullin og Ulstein-ordførar Knut Erik Engh har ei klar oppmoding:

- Respekter dei som treng handikap-parkering

Robert har sett seg mektig lei av at folk ikkje respekterer parkeringsplassar merka for menneske med funksjonsnedsettingar.

Ordførar i Ulstein kommune, Knut Erik Engh (Frp), slo av ein prat med Robert Shaidullin ved ein av parkeringsplassane utanfor Blåhuset i førre veke. Begge er einige i at folk må respektere dei som treng handikap-parkering.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Robert Shaidullin er til dagleg elev ved Ulstein vidaregåande skule. Då han snakka med lokalavisa onsdag, var det for å minne folk på at parkeringsplassane som er reservert for menneske med funksjonsnedsettingar, berre skal nyttast av dei som har gyldige parkeringskort.