Vellukka første nattevandring med Hødd Trim

Frå Mosvarden som var første stopp på turen. Vi ser blant andre Liv Osnes Dalbakken i midten. Tidlegare storkeeper på Hødd, Vidar Ulstein til venstre.  Foto: Arne Flatin

Nyhende

Trimgruppa i Hødd har i år bestemt seg for å arrangere 4-5 turar som ein slags «turklubb». Initiativet kom frå nyvald styremedlem i Hødd Trim, Bjørn Seljeset. Motivasjonen er å samle folk i grupper for å nyte den flotte naturen på øya.

Ein del av turgruppa samla på Roppehornet og ventar på at sola skal stå opp. På bildet er mellom andre frå venstre Bjørn Seljeset, Bitten Vikanes, Rasmus Sundgot (liggande), Elisabet Riise Pedersen (bak), Synnøve Hansen Sundgot (i oransje jakke).  Foto: Arne Flatin

Styreleiar Arne Flatin har i fleire år gått nattrunder på fjellet og foreslo difor at dette kunne vere den første turen i år. Invitasjon vart sendt ut via sosiale medium. Over 100 var interesserte, og nærare 50 personar møtte opp ved Lisjevatnet fredag kveld.

Soloppgangen sett frå Roppehotnet klokka 03:45.  Foto: Arne Flatin

Mange går turar i fjella her på øya, men av og til kan det vere kjekt å dele opplevingane med fleire. Turen gjekk opp Skeidsnakken til Mosvarden der det vart ein lang stopp for å nyte solnedgangen. Vidare gjekk ferda opp til Storebroren der gruppa tok ein ny pust i bakken rundt klokka halv eitt om natta. Turfølgjet gjekk vidare ned frå Brørne til Sarshornet. Ny kort stopp før Breidfjellet stod for tur. Her vart det ein lengre rast for å time soloppgangen sett frå Roppehornet. Dit kom flokken rundt klokka 03:00, og venta i tre kvarter til sola stod opp.

Det var mange slitne bein som gjekk ned frå fjellet den natta, men så langt trimgruppa kunne observere var dei slitne beina akkompagnert av breie og store smil. For dette var ei naturoppleving som ga meirsmak. Hødd Trim skal arrangere fleire fellesturar etter sommaren og nattevandringa er nok eit tiltak som fort kan verte innført permanent, om ikkje nødvendigvis den samme ruta frå år til år.