– Fjella, havet og skjergarden ligg der

Leif Ringstad oppmodar folk om å kose seg ute i naturen i sommar.

Opera: Kultursjef Leif Ringstad gler seg stort på operakonserten med Bror Magnus Tødenes. Det er noko eige med å høyre musikken «live». Elles tipsar han om den flotte naturen i nærmiljøet vårt, der kan ein ferdast trygt og godt. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Når me møter kultursjefen i Ulstein kommune til ein prat om sommaren i Ulstein skulle han eigenleg vore travelt opptatt med Smak av Ulstein, men eit visst virus set ein stoppar for slike kulturelle samkomer i år. Det kan likevel bli ein fin sommar.