Åtvarar andre turgåarar - SFO-born fann sprøyte ved Rotarystien

Denne sprøyta fann SFO-born ved Hareid skule under ein tur på Rotarystien måndag.  Foto: Privat.

Nyhende

Første sommarferieveka er i gang for mange - medan skulefritidsordningane ved mange av skulane har opna for sommar-SFO.

Ved Hareid skule var borna som er på sommar-SFO på ein gåtur på Rotarystien måndag - og stoppa ved den nye gapahuken for å ete mat.

Det som skjedde så var ikkje så kjekt. For etter matbiten fekk borna leike seg - og det gjekk ikkje lenge før det blei ropt etter ein vaksen.

- Det viste seg at borna hadde funne ei sprøyte, ikkje så langt frå gapahuken. Det er sjølvsagt ikkje noko kjekt å finne slikt i naturen, og ekstra ille at nokon kunne stukke seg på sprøyta. Heldigvis gjekk det bra, og vi fekk fjerna den, seier Vivian Eidem Roald, assistent på skulefritidsordninga ved Hareid skule, til Vikebladet Vestposten.

Ho ønskjer samstundes å åtvare andre turgåarar om å sjå seg litt ekstra om.


Vivian Eidem Roald la først ut eit innlegg om dette på den offentlege Facebook-gruppa Nye Hareid!!!.