Næringsforeiningane på Søre Sunnmøre

Sterkare saman

Dei seks næringsforeiningane på Søre Sunnmøre formaliserer no samarbeidet for å stå sterkare saman.

Næringsforeininga for Søre Sunnmøre: Daniel Garden, Oddbjørn Indregård, Merethe Hjertø Flusund, Roar Vikene, Julie Sundgot Andersen, Idar Flø, Odd Magne Vinjevoll og Tor Inge Nygård vil samarbeide meir for regionen Søre Sunnmøre. Dei presiserer at det er ikkje nytt for dei å samarbeide, men no formaliserer dei samarbeidet meir.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Det vart litt rot måndag ettermiddag om kva side av Eiksundbrua dei skulle møte kvarandre, men samarbeidet er i oppstartsfasen, så det går vel betre etter kvart.