Hareid Rotaryklubb

– Skikkeleg løft for Hareid

I nydeleg solskin vart gapahukane langs Rotarystien offisielt opna, og presidentkjeda overlevert vidare.

Gapahuk: Bjørn Teigene ønskte forsamlinga velkomen. Sjølv om området har blitt flott, har ikkje Rotary sagt seg ferdig med arbeidet. Dei har mellom anna tenkt å få inn ei sitjegruppe til i gapahuken. Etter talar og presidentskifte var det kaker og kaffi. 

Nyhende

Bjørn Teigene har vore president i Hareid Rotaryklubb sist året. Han vart skildra som den største Hareidspatrioten av alle, så sette seg som mål å få bygt og opna to gapahukar langs Rotarystien medan han var president, og det fekk han til. For det fekk han stor applaus frå dei rundt 70 som møtte fram måndagskvelden.