Arbeidsløysa går framleis rett veg

Arbeidsløysa er framleis svært høg, men utviklinga går rette vegen både i Ulstein og Hareid den siste veka.  

Nyhende

I Nav Møre og Romsdal si vekevise oppdatering går det denne veka fram at talet på personar heilt utan arbeid har gått ned med 346 personar den siste veka.

– Nedgangen i talet på delvis ledige held fram også den siste veka. Nedgangen er på 718, og talet på delvis ledige er no 6 823 personar. I sum er 12 741 heilt eller delvis ledige i Møre og Romsdal, ein reduksjon på 1 064 den siste veka, seier direktør Stein A. Veland i pressemeldinga.

Han forventar også at fleire vil kome tilbake i jobb dei komande vekene, men slår samstundes fast at Nav er spente på korleis ein vanskelegare sommarjobbmarknad vil slå ut på lediggangen.

Samanlikna med 20. mars er det no nærare 8000 færre heilt ledige i Møre og Romsdal. I Ulstein er talet på heilt ledige nede i 283, ned ti den siste veka. Hareid går derimot opp tre heilt ledige, men talet på delvis ledige går her ned frå 154 til 133 i løpet av ei veke. Talet på heilt ledige i Ulstein gjekk ned frå 313 til 269 i same periode.

Framleis er over 12 prosent av arbeidsstokken heilt eller delvis utan arbeid i Ulstein og Hareid, men i begge kommunane går utviklinga rette vegen. I løpet av den siste veka var nedgangen i talet på heilt eller delvis ledige i Ulstein på 8,9 prosent, medan den var 5,2 prosent i Hareid.