Send inn jonsokbilete

Nyhende

I kveld er det jonsokaftan. Rundt om kring i mange krinsar står båla klare til tennast på til kvelden.

Dette er ein kveld for sosialt samvær og kvelden vil nok by på mange fine fotomotiv. Alt frå brurepar til brennande bål, sekkeløp, rømmegraut og svidde pølser er med på å dokumentere jonsokkvelden 2020.

Send gjerne inn bilete frå kvelden til til Vikebladet.no. Du kan sende dei på e-post til redaksjon@vikebladet.no og bileta vil bli publisert på Vikebladet.no.

Hugs å avtale med dei du tek bilete av om det er greitt at biletet blir publisert på nettsidene våre.